Periode er systemet som tek imot bookingar, betalingar og medlemskap for badstova. Denne handboka viser kva portalen kan, kva som er viktigast i kvardagen, og korleis du gjer dei vanlege oppgåvene steg for steg.
Logg inn på merchant.periode.no. Der vel du organisasjonen din, til dømes Bjørkheim Sauna AS. Kvar organisasjon har to inngangar:
Backoffice er kontrollrommet. Her ligg produkt, kalender, rapportar, utbetalingar og innstillingar. Dette er visninga for administrator og styret.
On site er mobilvisninga for verten på vakt. Éin dag om gongen, med bookingliste, check-in og hurtigval for å opne og stenge økter.
Portalen er på engelsk, så menynamna i handboka står på engelsk. Språk kan endrast med Language-knappen på framsida.
framsida etter innlogging: vel organisasjon, og deretter On site eller Backoffice
Dei fem funksjonane du faktisk kjem til å bruke
01 · kvardagen
Kalenderen
Alle øktene, veke for veke. Her opnar og stengjer du økter, legg til ekstraøkter og legg inn meldingar til gjestene. Booking → Calendar
02 · salet
Kundelenkene
Kvart produkt har ei lenke og ein QR-kode. Lenka på nettsida, koden på oppslag. Det er slik gjestene kjøper. Booking → Products
03 · på vakt
On site og check-in
Verten ser dagens økter og kven som kjem, og kryssar inn gjester på mobilen. Checkin (Mobile view)
04 · pengane
Rapportar og utbetalingar
Saldo, daglege utbetalingsrapportar og månadsrapport til rekneskapen. Reporting → Adyen og Monthly report
05 · gjestene
Kundeoppfølging
Finn bookingar med Booking → Search eller Latest bookings, følg med på refusjonar, og send e-post til alle kundane frå Customer Communication.
Slik er portalen bygd opp
Menyen til venstre i Backoffice har desse seksjonane:
Home. Dashbord med omsetnad, aktive produkt, ventande refusjonar og siste hendingar. Her ligg òg nyhende frå Periode og lenke til produktmanualen deira.
Subscription. Faste medlemskap med månadstrekk. Medlemsliste med status og neste trekkdato, betalingshistorikk og produktoppsett. Medlemskap kan òg gjevast bort (Gift subscription) eller delast ut med invitasjon (Invitations).
Booking. Sjølve bookingsystemet, den største seksjonen. Faner: Products, Calendar, Search, Latest bookings, Reservations, No show, Discount codes, Booking groups og Compare.
Single products. Eingongsprodukt utan tidspunkt, altså rein betaling via lenke.
Gift card. Gåvekort. Full liste med kode, beløp og kjøpar, og ein knapp for å lage gåvekort manuelt, til dømes som premie eller kompensasjon.
Punch pass. Klippekort. Liste med kode, klipp att, eigar og utløpsdato, pluss produktoppsett.
Reporting. Statistikk og rekneskapsgrunnlag. Meir om denne under Pengane.
Customer Communication. E-postutsendingar til kundegrupper, med status og mottakartal.
Settings. Brukarar og roller, firmaopplysningar, utsjånad på betalingssidene, betalingsløysing, omsetjingar, integrasjonar, innloggingsval for kundar, QR-kodar og meir.
Help center. Hjelpesenteret til Periode.
Backoffice: menyen til venstre, dashbordet i midten, nyhende og produktmanual til høgre
Produkta og kundelenkene
Under Booking → Products ligg eitt kort per bookingprodukt, til dømes «Sjølvbetent økt – vekedag» og «Privat økt, ferdig oppvarma». Kvart kort har:
Customer link med kopiknapp og QR-kode. Dette er kjøpslenka som skal ligge på nettsida.
Edit time for opningstider og øktoppsett
Change for pris, kapasitet og tekst
Details med alt om produktet: publisering av timar, bookingliste, check-in, driftsmeldingar, duplisering og låssystem
Booking → Products: eitt kort per produkt, med kundelenke og QR-kode nedst på kortetDetails på eit produkt: alt frå opningstider til driftsmeldingar på éin stad
Salet skjer på dykkar eiga nettside
Periode har ingen marknadsplass. Gjestene finn øktene gjennom kundelenkene de legg ut sjølve. Skal eit nytt produkt ut i sal, må lenka på plass på nettsida, eller QR-koden på plakaten. Lokalkontoret hjelper til med dette.
Kalenderen
I Booking → Calendar vel du produkt øvst og ser veka som eit rutenett. Kvar rute er ei økt:
grøn rute er open økt med tal på booka plassar, raudt felt er stengd tid; verktøya ligg over kalenderen
Over kalenderen ligg verktøya: Add session legg til ei ekstraøkt, Close entire week og Open entire week stengjer og opnar heile veka, Close/open sessions gjer det same for enkeltøkter, og Admin message legg ei melding på øktene, til dømes ved vedlikehald. Pressure mode kan justere prislogikken i travle periodar.
On site-visninga
Verten på vakt brukar On site frå framsida, eller knappen Checkin (Mobile view) i Booking. Visninga er laga for mobil: éin dag, eitt produkt, med pil fram og tilbake mellom dagar. Under Admin mode ligg hurtigvala Close all, Open all, Admin message og Add session. I innstillingane kan visninga bytast mellom kalender og liste, og check-in kan slåast på slik at verten kryssar inn gjestene etter kvart som dei kjem.
On site med Admin mode opna: hurtigvala verten treng på vakt
Vanlege oppgåver, steg for steg
Sjå kven som kjem i dag
opne On site for organisasjonen, eller Booking → Calendar i Backoffice
vel rett produkt øvst
trykk på ei økt for å sjå namna på dei som har booka
Stenge ein dag, til dømes ved vask eller privat utleige
gå til Booking → Calendar og vel produkt og veke
bruk Close/open sessions for enkeltøkter, eller Close entire week for heile veka
legg gjerne inn ein Admin message som fortel gjestene kvifor
hugs å gjere det same for alle produkta som brukar badstova den dagen
Legge til ei ekstraøkt
gå til Booking → Calendar og vel produktet
trykk Add session og set dato, klokkeslett og kapasitet
økta dukkar opp i bookingflyten til gjestene med ein gong
Finne ein booking eller ein kunde
gå til Booking → Search og søk på namn eller e-post
eller bruk Booking → Latest bookings for å sjå dei siste bookingane, med filter for kansellerte og ikkje frammøtte
Lage rabattkode
gå til Booking → Discount codes
trykk New discount code, set kode, rabatt og kva produkt han gjeld for
koden kan avgrensast og arkiverast når kampanjen er over
Gje bort eit gåvekort
gå til Gift card i hovudmenyen
trykk Create gift cards og fyll ut beløp og mottakar
kortet får ein kode gjesten brukar i betalinga. Standard gyldigheit er 365 dagar, det kan endrast under Settings → Company
Sende e-post til kundane
gå til Customer Communication
trykk Create email, vel mottakargruppe og skriv meldinga
utsendinga og talet på mottakarar ligg att i lista, så de ser kva som er sendt før
Gje ein ny vert eller kasserar tilgang
gå til Settings → Users
skriv inn e-postadressa under «Invite users to your organization» og vel rolle, sjå rolletabellen
personen får ein invitasjon på e-post og loggar inn med same adresse
Pengane: rapportar, oppgjer og rekneskap
Alt om pengar ligg under Reporting:
Payment overview viser inntekt, tal på betalingar, refusjonar og uteståande for valt periode og produkt.
Adyen er sjølve oppgjerssida. Your funds viser kor mykje som står på konto og er på veg inn. Her ligg òg fakturaene frå Periode og daglege utbetalingsrapportar som kan lastast ned som Excel, der kvar transaksjon er spesifisert.
Monthly report gjev månadsrapport som Excel eller PDF, pluss medlemsrapportar som CSV. Dette er grunnlaget rekneskapsføraren treng.
CSV gjev rådata: salsrapport, transaksjonar, gåvekortsaldo og kundesaldo, med val mellom transaksjonsdato og tenestedato.
Subscribers, Trend og Booking statistics viser utviklinga over tid: nye og avslutta medlemer, belegg og bestillingsmønster.
Reporting → Payment overview: inntekt, refusjonar og uteståande for valt periodeReporting → Monthly report: månadsrapporten rekneskapsføraren treng, som Excel eller PDF
Til kasseraren
Fast månadsrutine: last ned Monthly report for førre månad og sjekk Adyen-fana for utbetalingar og faktura frå Periode. Då stemmer rekneskapen utan leiting.
Betalingsløysinga er Adyen og vert sett opp éin gong under Settings → Means of payment. Kundane kan betale med kort og Vipps, og innlogging for kundar kan skje med Vipps, e-post, Google eller Facebook (Settings → Login options).
Roller og tilgang
Tilgang styrer de under Settings → Users. Vel rolle etter kva personen faktisk skal gjere:
Rolle
Passar for
Kva rolla gjev
Admin
dagleg leiar, styreleiar
alt, medrekna rapportar, utbetalingar og innstillingar
Restricted Admin
driftsansvarleg
kundar og produkt, men ikkje rapportar og innstillingar
Booking master
vertar og vakter
check-in og bookinglister, men ikkje refusjonar
Restricted Booking master
vakt for eitt produkt
check-in berre for produkta personen er lagd til på
Custom + Tag access
rekneskapsførar o.l.
berre rapporteksport, avgrensa med taggar
Om vertar skal kunne refundere, styrer de det med valet «Booking master can refund» under Settings → Company. Standard er nei.
Settings → Users: rolleforklaringane ligg bak «Role descriptions», invitasjonen nedst på sida
Dørlås, omn og andre integrasjonar
Under Settings → Integrations koplar de Periode til andre system:
Lokalkontoret og Inlet er integrasjonar for dørlås. Gjesten får PIN-kode med bookinga, og koden verkar i tidsrommet økta gjeld.
på produkt med lås ligg fana Locking system. Merk åtvaringa der: å lage ein PIN-kode kan starte omnen når omnstyring er kopla til.
Google Analytics 4 og Meta gjev sporing av kjøpsflyten, med eigen oppsettguide i portalen.
for utviklarar finst webhooks og API under Settings → Developer.
Locking system på produktet: her heng dørlås og omnstyring saman med bookinga
Utsjånaden på betalingssidene styrer de under Settings → Branding: logo, fargar og bakgrunn, med førehandsvising for mobil, desktop og e-post. Produkttekstane kan omsetjast mellom norsk og engelsk under Settings → Translations.
Godt å vite
Ver varsam med lagringsknappane. Endringar i produkt og innstillingar gjeld med ein gong, òg for gjester som er midt i eit kjøp. Er du usikker, spør før du trykkjer Save.
No show-rapporten under Booking viser kven som booka utan å møte, nyttig ved gratisøkter.
Reservations viser plassar som er haldne av, men ikkje betalte enno.
Booking notification under Settings varslar dykk når bestemte e-postadresser bookar.
Compare under Booking samanliknar to periodar, til dømes denne veka mot same veke i fjor.
Duplicate på produktsida er raskaste vegen til eit nytt produkt som liknar eit eksisterande.
Hjelp:Help center ligg nedst i menyen, produktmanualen ligg på Home, og nye funksjonar vert varsla i «News in Periode» same stad.